Stikkordarkiv: Engasjert

Engasjement

Dette er en tekst skrevet for 8 år siden, 18. november, 2004. Det er en morsom tekst, uhøytidelig tekst, danket ut i hovedtekstene av «Jeg omfavner livet», og derfor bare en reserve. Men altså en morsom reserve, basert på en sann historie, som de sier, noe som ikke skal ha noe å si. Den handler om å være engasjert.

Engasjement

Problemet er, sa han, så full, at han etterpå tok en pause. At det er for vanskelig å være engasjert. Deretter duppet han nok av et øyeblikk, hodet falt i hvert fall fremover. Gynget litt. Hun han snakket med så raskt bort på meg, med ansiktsuttrykket fortalte hun meg at hun ikke skjønte hva han drev med. Med mitt ansiktsuttrykk fortalte jeg henne at jeg ikke kunne hjelpe. Plutseleg gjekk eg over i å skrive nynorsk. Det var akkurat i tide før han vakna, han vakna med eit rykk, slik ein gjer når ein har drukke for mykje og sit og duppar i svevnen, eller slik ein gjer når ein skriv nynorsk. – Ja, du skjønar vel problemet? sa han til ho han snakka med. – Ho rista på hovudet, eg skal ikkje prøve nokon forklaring på kva ho meinte med det. – Det er svært enkelt, sa han, og drakk godt, sat øltuten til munnen og helte i. Ho såg på meg, eg såg på ho, eg var sprekkeferdig av lått, det bobla inni meg, ho skulle bare visst at eg skreiv nynorsk. Han rista på hovudet, nå var det han som gjorde det,  – eg vil ha deg, du vil ikkje ha meg, sa han. – Sånn er det. Han sat i kleda han hadde valt å ta på seg, utanom dei han hadde teke av undervegs. Han hadde gitt alt, nå sat han der, barbeint, og med ein litt vel blomstrande skjorte, korterma, godt oppkneppa. – Sånn er det, sa han, det kosta han ikkje stort å seie ting opp att, – eg har ein venn som er engasjert, han sa det med a, angasjert, og han tok seg heilt ut med å seie det, slengte det ut og kvelva fram, rett i fanget på ho som tok imot han på feilfritt nynorsk. Eg klarte ikkje halde inne lenger, eg lo som hadde eg skrive ei heilt anna tekst, ei som ikkje handla om engasjement eller noko, ei som bare var skriven frå start til mål for å bringe fram nett den låtten eg sat der og lo, både for eg som sat og lo han, og for dykk som nå har lest denne teksten og skjønar kva eg snakkar om.

ES2004

Reklamer