Stikkordarkiv: Hjå ho mor

Hjå ho mor, av Arne Garborg

Dette er notater fra første gangs lesning av romanen.

Dette bindet inneheld bare romanen «Hjå ho mor», som kom ut i 1890, fire år etter mannfolk. Garborg forlet den krasse, påtatt sinte tonen frå Mannfolk, og han har heller ikkje den muntre, ironiske vrien frå bondestudentar. Hjå ho mor er den mest naturalistiske boka Garborg skreiv. Romanen handlar om vesle Fanny, som tilbring tida med ho mor, fru Holmsen. Ho er skild. Og i det boki tek til, vert det avgjort at det kjem ikkje noko stønad frå mannen, advokat Holmsen. Me anar at her vert to som lyt greie det sjølv.

Her kjem tematikken frå Mannfolk litt skarpare. Me får sjå korleis det går med ei av dei fråskilde enkene, og det er ikkje den sterke tendensen etter å syne kva gale mannen har gjort. Hjå ho mor, har meir sympati. Saka blir lagt fram med større rettferd, og kritikken mot advokaten vert ikkje mindre.
Teknikken er standard. Freistnad, freistnad, håp og atter freistnad, til det ikkje er anna utveg enn den aller verste.

Likevel er det mest som Garborg krysser grensa for utlevering, her óg. Sjå til dømes side 30, det er jol, og bodni Tom og Lea kjem til ho mor, og er svoltne. Korkje husjomfru Henriksen eller herr far Holmsen har hjulpi dei noko. Så Fanny må klare seg og gjere seg vén, og gå tigga mat med Haltemikkel. Det er så han har lagt for mykje i det rørande, her, Garborg. Det krysser grensa.
Og det er beint fram vondt, der mora straffar dottera fordi ho vil hjelpe og vaska golvet. Det er eit velkjent tema, her framsatt utan kjærleik. Dette er s. 34ff. Samanlikn til dømes med Kafka i dagboka si, der treff det i hjarta og brenn seg fast, det med hos Garborg vil stengje ute og avvise.

Ein mann som snakkar om kvinnesak, får aldri full tyngde. «Eg vil ikkje vere kvinne, vil ikkje, vil ikkje, vil ikkje…» s. 172.

Kap 8 er Fanny i teateret. Å, som det var forunderlegt! s. 63. Det vert sidan hennar flukt fra røyndommen.
Og kap 9 vert lagnaden koseleg avgjort, med det at ho får vere statist. Og på toppen vert ho hugtekin i han William, nabo.
Kap 10 går det barnleg bra med William og Fanny, og i kap 11 er herr Holmsen daud.
Kap 12 er konfirmasjonskapitelet. Igjen er det ein streng, skremmande Gud som trer fram. Og det fylgjer kapitelet, der det blir krangel om konfirmsjonskleda. Fanny som har vore så glad over å verte vaksen, må ta på seg barnekleda att.
Kap 17 er arbeidersamfunnkapitelet. Eller kva det er for noko. Klokka er 2315.

Religion
s. 18. Gud kan stengje oss inne i bakerovn, så Fanny måtte vere forsiktig med den mannen. Det same kjem s. 104, reinleik i tankar. Sjå kor fortvilt ho ber s. 141, det er eit desperat rop om hjelp til ein Gud som ikkje finst, og viss han finst, er han ikkje snill og vil nok ikkje hjelpe. Sjølv i bøna, er ho redd han. Straks derpå fylgjer bedehuskapitelet, Ansgarmisjonen,  med predikanten som taler bare til Fanny. Flammande skremselspreik. Fortsatt er Gud, sjølv nå som ho ynskjer å tro på han, bare streng, utilgjengeleg og skremmande. Og predikanten, Andersen – vert hugtekin.

Tekstreferanser
Ved sida av det merkelege Shakespeare-sitatet. Stor Ibsen-gjennomgang 148-149, Kjærlighetens kommedie. s. 174, Wergeland: «Klag aldri under stjernene over mangel på lyse punkter i ditt liv.»
Og sjølvrefererande til Dagmar Dyring, s. 177. Gabriel Gram kjem. Fleire. Diktardiskusjon kap 20. Naturalismen s. 185. Forklaring på Fanny si liding, trur ho sjølv, den stunda.

Språket
Sjølv om boka er tung som fanden, slipp Garborg spøken laus. «bønine hennar var så varme at ho totte Gud måtte høyre deim.» s. 151

Fanny og mora
Problemet korleis fru Holmsen sjølvsagt elskar dotter si, samstundes som dottera hindrar henne i å leve. Dette gjer utslag i sinne, og Fanny vart redd, og dette er ein ond sirkel. Faren, advokat Holmsen, kjenner ingenting, og er nøgd når han har gjort sin plikt og har fasaden i orden. Garborg gjer store forsøk på å trengje inn i såvel morsinnet, som barnesinnet. Mange velkjente grep, Fanny som vert hugtekin i så mange, og gjer seg så mange tankar.
Og vi har tematikken frå Bernarda Albas hus. Mora vokter seg for å la dattera gjere same feilen som ho sjølv. Sjå td. 116. Hindre Fanny i å treffe William. Ser strengt ut, er snilt. 119: Rett etter. Introduksjon, døden i Lybekk. Fyrst etter at mora har forbarma seg ordentleg yvi Fanny, sagt kor vén ho er, og kor lite skapt ho er til å stå tjeneste for andre. Då Fanny sjølvsagt ikkje vil ha han, og ikkje kan skjønne anna forslaget er ein spøk, vert det ikkje leveleg i boki.

Dauden i Lybekk
Garborg stikk det inn og vrengjer det rundt. Dette er marerittet som blir røyndom. Ein skjebne ein ikkje kan halde ut, sjølv om vi bare les om ho. Her er det jærmannen Arne Garborg som held hardt om sin penn og tenkjer: Eg skal syne verda at eg meiner alvor. Kva skal vi seie om mora i samband med dette? Ho rådar Fanny til å ta han. Reint praktisk er det rett, men skal det praktiske ha så mykje å seie? Mora er straffa, men i flukta frå straffa, vert dottera straffa hardara, sjølv om det er meint godt. Mora livde iallfall, ho ser kva ho prøvde og som ikkje gjekk. Fanny må leve sitt liv full i tankar yvi alt ho gjekk glipp av. Dei må øydeleggje henne. Det kan ikkje være rett.