Stikkordarkiv: Religiøse grublerier

Fred, av Arne Garborg

Dette er en av de sterkeste romanene jeg kjenner.

FRED (1892)

Utanfor, mot vest, bryt havet på mot ei sju milir lang låg sandstrand.

Slik byrjar Garborgs storverk om den religiøse gruvlaren Enok Håve, som ikkje finn fred med seg sjølv og med Gud, og som har klare parallellar til Garborgs eigen far. Det er eit storverk av ein roman, som skil seg ut i Garborgs forfatterskap og i norsk litteratur, og som også skulle rage blant det aller beste i verda. Eg kjenner ingen roman som betre lukkar historia inne mellom byrjinga og avslutninga, fyrste kapitel skulle lærast utanatt, det er framifrå poesi og eit meisterskap i språket ikkje ein gong Hamsun kan framvise maken til. Og det vert ikkje det ein i musikken kallar virtuost, eller her språkleg briljanse, det er klår meining og aldri tvil om retninga. Det er formfullendt naturalisme. Historien skal lukkast inne. Utanfor, mot vest, er sjølve storhavet, med sine fakskvite brimhestar, mot aust den lange låge fjellgard, yvi er tunge, mørke himlen, og under bleike myrer og yvi-sått med kampestein, her bur folket, og her skal historia finne stad. Her bur Enok Håve, og tittelen vert så tung at han er på sin plass. Alvoret er støypt inn i boka.

Garborg skriv boka i 1892, då kjem ho ut. Han er då 41 år. Dei fyrste bøkene hans, er kjekke og artige bøker frå Kristiania, Studentlivet og bohemlivet, som Garborg nok kjende og hadde meiningar um, men som ikkje har låge han slik på sjeli som forhaldet til faren, gruvlinga og sjølvmordet. Ingen av dei fyrste bøkene skriv heller noko om Jæren, eller bare som en biting, noko for å forklåre kvifor det går som det går i Kristiania. I Fred er det lukka Jæren som er heile plassen for handlinga, det som er utanfor, spiller inga rolle. Garborg har óg utvikla ein skrivestil og ein forfatterkunnskap og ein intellektuell og personleg modning, som her foreinast i eit nærast trolldomsaktig verk.
Uppbygginga av hovedpersonen Enok Håve, er slik at lesaren ikkje ein augenblink har reine kjensler for figuren. Han er toskjen, streng og urimeleg, men så ærleg og konsekvent i sin toskaskap, at han ikkje kan gå for ein narr, og så sjølvfordømmande at me uansett får sympati for han. I glimt får Enok sjølv sjå seg sjølv som umverda ser han, men i staden for å skikka seg med det, dømmer han seg langt sterkare enn lesaren, Gud og kvarmann ville gjort. Gruvlinga er blanda med angst og dumskap og samfunnsanda, i all sin galskap er det fullt forståeleg at Enok endar upp som han gjer. Det er eit skjebnedrama, skjebnepos.
For ytterlagere å byggje upp um dette, nyttar Garborg naturskildringar og umgjevnader for å sette lesaren i den rette stemninga. Aldri har torever og havstorm vore meir kraftult skildra på norsk. Og stormane og toreveret i Enok, går for nett det samme. Akkurat som lerka og våren gjev ljos og glade til dei lettare stundine for han Enok og tankane hans.
Boka inneheld óg ein psykologisk skildring eg ikkje kan sjå står tilbake for nokon. Garborg er fullt på høgde med Enok si logikk. Den gradvise galskapen, dei irrasjonelle resonnementene, dei bråe vekslingane mellom glede og sorg, og dei plutselege konsekvensene av kva som helst. Det er så ein bivrar ved å erkjenne, at alt dette må Garborg óg ha kjent med sin eigen far – og ikkje noko å gjera ved det. Sterkare roman kjenner eg ikkje, ikkje no kjenner eg det.

RESYMÉ
Kap 1: Storskildringane av Jæren og folket.
Kap 2: Og etter å ha sett denne stemninga, kjem Enok Håve og grublar om Gud og reikningane, og korleis han skal sleppe unna Sattan og helvites avgrunn. «Berre han og den brune merra hans midt på svartaste heii.» (s.9) Og det er uver på havet, og uver i Enok, det er eit studium i naturskildring i heilskap med handling og tema, ein vert like redd som Enok.
Under denne ferda bestemmer Enok seg for å verte umvend.
Kap 3: Problem: Umvendinga blir alltid hindra av ting som kjem i vegen. Dette plagar Enok meir, han får sterk skuldkjensle som ikkje klarar å slippe unna, men klarar det heller ikkje. Og lesaren skal sjå at her er ikkje stort å slippe unna. Dette gjeld særleg i byrjinga.
Kap 4: Napoleon døyr
Kap 5: Dei fyrste sjelekval. Enok går og grublar, og finn kva han har synda opp gjennom tidi. Han ber om at Gud skal gje han nåde, men får ikkje bønesvar. Inderleg og fortvilt, ber han.
Kap 6: Gravferd for han Napoleon Storbrekke. Enok lid voldsomme kvaler, før han vart umvend fyrste gong s. 35. I ein draum grip han ei hand, som har naglehola til Jesus.
Kap 7: Sæle i livet med Gud. Enok gjev seg yvi til livet i anden. Og avstanden til familien vart større, dei er redd han, og han tek det som eit godt teikn på at han gjer rett.
Kap 8: Familiekamp. Kaffiscena. Det fyrste oppgjer mellom Enok og Anna. Gunnar og karjolen, riset. Enok tek til å taka imot fantar, åpnar sitt hus.
Kap 9: Skulen og ut av skulen. Rokkscena, der Marta ler og fortel ein løyen historie om ein student som har ramla i snøen, og Enok som alvorstungt seier at Jesus aldri lo. Rokkene sviv, som for å spinne tia av garde og kome burt fra situasjonen. Det er ein falsk lærer komin, og for å gå klar av vranglæra, skal ungane ut av skulen.
Kap 10: Enok tykjer det tek til å gå for lett, han vil stridast. Selgje alt og gjeve til dei fattige? Tormod Tualand. Nye fantekarar og småungar.
Kap 11: Vår og introduksjon av Fante-Tomas, og sonen Carolus Magnus.
Kap 12: Nå skal Carolus Magnus flytte inn. Enok får prøvinga si. Carolus og Gunnar får definert sitt forhold. Presteleiken i løa.
Kap 13: Gunnar og Carolus arbeider saman. Tek opp eple. Drøsar. Episoden med skillingane i kista. Carlous får pengane, Gunnar får bank, og Carolus gjev pengane tilbake til Gunnar som nå hev deim.
Kap 14: Tankar til Anna.
Kap 15: Student Per Olsen tek borna i skule. Fjasar om si eiga dikterevne, og stikk av. Enok tek det som eit teikn på å heve vori ulydig. Det var han sjølv som skulle taka barna i skule.
Kap 16: Legde Lars Rotteholen kjem på vitjing, brakt dit av han Salomon Storbrekke, som spør beint ut om det er sant som dei seier, at Enok hev vorte galin. Enok får valdsomme kvalir. Men ein prat med presten gjer godt.
Kap 17: Til kyrkja. Til skulen.
Kap 18: Fante Tomas si likning om samfunnsdelinga på planken. Arbeidsmannen må stjele ein halv skilling åt bonden. Målbind skulemeisteren Tomas Tualand.
Kap 19: Sumar, jonsok og arbeid på garden. Corelus vert ikkje folk, han er fant, og Gunnar arbeid og Enok gruvlar.
Kap 20: Carolus stel vibegg.
Kap 21: Carolus hev stukke av. Enok vert arg, han kjenner seg til latter, han har fått skam. Um vintaren vil han attende til den strengaste kristendom, han hadde kje gjort nok. Sjølvransakinga vert verre, bønine sterkare, men ingenting nyttar. Djevelen: «Du kan likso godt hengje deg upp, Enok!» (s. 118). Sterkt kapitel. Vendepunkt. Heretter er Enok vár alt som skjer, og alle reaksjonar på seg.
Kap 22: Ny vår. Enok freister andre Bibelord, freister det ein og det andre, men kjenner seg aldri riktig trygg. Og han har sin fyrste tur til Heilandsvatnet. Dette kapitelet er fylt av varslar.
Kap 23: Legde-Guri døyr. Og før ho døyr, stirrar ho på Enok som har ho sett noko. Enok vettskremd.
Kap 24: Gunnar. Synsvinkelen er hos han, og ein merkar det er noko med han Enok.
Kap 25: Nokre år gjeng, upp ned, upp ned, som havet der ute. Serina framsloppin. Torever. Lynet slår ned i garden hass Enok. Lukketreet, Selja. Domen.
Kap 26: Fantane. Eit sidekapitel, tjuveri, drikk, dødsall og Carolus og Katrine i fengsel.
Kap 27: Enok er yvitygd om domen. Helvete i all æva. Går til alle påfunster, vil ikkje ha smør, går i tulleklede, vil ikkje lese bønir med trøyst og forsoning. Kun om synd og fordøming og daude og straff. Drøymer, mareritt. Enok står i kjelleren som er Helvete, og slaktar sauer, som er hans eigne born. Heller ikkje Lars Nordbraut hjelp. Og våren det året, er sur og kald, og vil aldri bli sumar.
Kap 28: Enok ser for seg Helvete, og tykjer like det. Kontrast mellom fine veret, og Enok sitt store mørkre. Bryjar gå jamnt til Heilandsvatnet. Kapitelet ender med at Enok ligg ved vatnet og gret: Gud, du har frelst meg.
Kap 29: Enok ber inderleg, inderleg om at Herren skal hjelpe han, og aller mest ber han om at Herren ikkje må la Djevelen ta makta. Heilt klårt ber han um ikkje å late det skje at han tar livet av seg. Men det går ikkje godt. Gunnar kjem heim, fleire kjem på vitjing, Enok er ikkje seg sjølv, går bare og tumlar. Ei lita doktorscene, doktoren drikk seg ein støyt. Gunnar kjem på ny. Faren: «Djevelen er etter meg; han vil eg skal gjera ende på meg. Kvar dag, kvar kveld…» Det ender med at Gunnar leider faren tilbake til hus.
Kap 30: Gunnar til byen. Han har visst eit lite barn på samvitet, eller kanskje hev han det, han hev i alle fall ei jente som seier det så. Og så fer han til Amerika. Enok tumlar til byen, skamrir mest Brunka, får greie på kva som er hend, sit heime, gråmenn kjem, nappar i han, han går, ut bakdøri, til Heimlandsvatnet og uti.

TEMA
Hovedtema er sjølvsagt Enok si religiøse gruvling. Men her er i tillegg mange under- og sidetema. Til dømes må ein stille nokre spørsmål til den kristne filosofi og religionens idealer. Alle Enok sine gjerningar er moralsk grunna i Bibel-sitater. Sjølv om ein kan innvenda at Enok mister heilskapen, må ein innvenda tilbake at denne heilskapen er temmeleg uklår. Å leve asketisk og forsake jordiske gleder, er så avgjort eit religiøst ideal, og ikke bare for kristendommen. Spørsmålet kan óg trekkast lenger. Kor langt skal ein gå for å fylgje sin levevei, på bekostning av sine nærmaste? Kan ein ofre sin hustru og sine born, for sin eigen sjelefred? Garborg seier i Fred klårt nei, men frifinn Enok for all skuld. Både Enok og familien lid, men det er ikkje noko enkelt svar korleis det skulle gått annleis. Den aktivt handlande er Enok, og ein kan seie at han skulle kje gjere som han gjorde. Han skulle ikkje vere så religiøst gruvlen, men dette er ikkje noko han vel sjølv å vere, det kjem i han, og er som ei demonisk, vond makt.
Det er den gruvlande som døyr. Trua tek knekken på han. Men menneskje er sterkt nok til å leve. Det vert folk av han Gunnar óg, og av familien. Altså den tukta familien greier seg.

Sidetema s. 99. Skulen. Den nye skuleloven kom, med pliktig skulegong. Anna finn det urimeleg.
Moderne jordbrukssreiskaper.

FORTELARSTIL
Garborg nyttar ein allvitande forteller, men denne skriv mykje gjennom Enok, og noko gjennom andre Gunnar, Anna og fantane. Her vert nytta personale teknikkar. Det er ikkje ein udeltakande forteljar som førar historia fram, men det er heller ikkje ein som engasjerar seg og tek standpunkt. Det er nokre småkommentarar som syner at forteljar slett ikkje er tanketom til det som skjer: «No kunde kje Enok umvende seg, fyrr han hadde vori i det bryllaupet.» (s. 13) Skildringa av jørfolket tilhører óg så avgjort forteljarstemma.
Synsvinkelen er lagt slik, at me får sjå mykje gjennom Enok. Spesielt i fyrste del, fyri vendepunket, ser me korleis Enok lagar reglar og tuktar og kjem med Bibelord til familien og til fantane. Bare i glimt får med sjå kva ho Anna og han Gunnar tenkjer og føler. Synsvinkelen er ikkje så gjennomgripande med dei, der får me ikkje kvalane.

Tredje person gjennom Enok. Vi står utanfor og ser hans tankar. Alt anna blir stengt ute. Slik han sjølv stengjer familien ute. For han sjølv er han syndaren som strevar med Gud, og kjemper for nåden. For dei andre, er han ein snåling som går rundt i skinnfell og tresko.

SYMBOLIKK
Vatn-motivet. Heilt frå fyrste tone høyrer med orgelbruset frå havet. Heilandsvatnet kjem stadig attende. Veret og naturen. Fred og uro.
Legde Guri ser.
Lynet slår ned i selja.  Samanlikn Tusten, Vesaas.

«Vatn, vatn; sløkkje all denne brand og pine i eit djupt, djupt vatn… Gud frelse meg!!» (s. 162)
Vatnet lokkar s. 163, sutlar og svalar. Er der for tredje gong.

SPRÅK
Garborg på sitt aller beste. Her kjem den tunge, jærske stilen til sin fulle rett. Forfattar, stoff og språk går opp i ett. Kraftfull nynorsk. Sjå på naturskildringane. Lun jærsk, humor. Tungt alvor, arbeid og strev, men óg solskinn og skjemt.

Det er som om språket er særskilt skapt, for å høve den tunge, trauste jærbu, kor tankane aldri kjem skikkeleg i gong, og kor respekten ligg tjukt. Sjå på korleis fantane klarer seg, det er bare Hamsun som kan måle seg med Garborg her. Som hos Hamsun, er det dei munnrappe det er minst med.

Nokre kapitelinnleiingar:
«Kald og roleg låg haustdagen yvi hav og land. Det leid mot kvelden. (Kap 2).
«Det var i dag dei skulde bera han Napoleon.» (Kap 6)
«Det vart stilt i huset. » (Kap 8)
«Ho Marta heldt ut til det femte var komi; so reiste ho.» (Kap 10)
«Sundagen etter hende det ein underleg ting: Enok kledde seg og vilde åt kyrkja.» (kap 17)
«Sundag.» (Kap 20)
«Gunnar fekk flytja til byn.» (Kap 25)
«Strålande fin sundagsmorgon.» (Kap 28)

PERSONGALLERI
Den klåre hovudrolla er Enok. Alle dei andre er med, for å kaste lys yvi han.

ENOK HÅVE
Det er denne personen Garborg har lagt mest i. Han er mest kjennetikna ved ein valdsam ufred, gruvling og angst yvifor Gud. Han har mistru til seg sjølv, og nyt å kalle seg arme syndar, og døme seg til Helvete. Den einaste som kan gjere noko med det, er Gud. Respekten og ærbødigheita er grenselaus. Men det rekk ikkje, alt som er galt, må skyldast han sjølv, alt som er godt, er Guds nåde.

Me må skilje mellom Enok i fyrste og Enok i andre helvta av boki. I fyrste er han streng, og eigentleg ovenpaa. Her er han yvitydd, at så lenge han trur og gjer på rette måten, så vil han og alt rundt han bli freslt. Sjølvsagt kjem sjelekvala her med, men dei er på langt nær så sterke som dei skal bli.

Sjå s. 24. Enok ber om å få angre. Sjølv kjenner han bare redsel.
Det er rørande korleis han gjer Gud æra for alt godt, og oppriktig føler at han bare gjer vondt tilbake.
Skiftar til den største sæle. Ein ser kva slit det er for han sjølv, og for den som lever med han. Sjå kap 6., der han sjølv er frelst, og tvinger familien til å vere frelst med. Her er óg den detalj, at Enok frykter han har det for godt. Kvifor lar Gud han vere på Tabor så lenge? Skal han ikkje tukta den han elskar? Enok er her ein russisk jærbu.

Spesiell Gudefornuft. Kan argumentere for kva som helst, i blendande logikk, så lenge Gud står på toppen.
Kvar gong han kjem i tvil om han gjer rett, mannar han seg opp og går ennå hardare på. Slik blir han eit mareritt for familien. Når han ser dei er redd han, finn han på noko for å vise for seg sjølv og for Gud og for alle at han ikkje vaklar. Han tek det som ein kamp.
Trampar i veg på sine tresko.
Får heller ikkje ro i nåden. Som legdi Guri seier, når Herren tukta, så visste ho at han elska.
Det er kun kona og familien han får ordentleg tak på, dei andre gjer han forvirra og utnytt han.

Provoserande, men samtidig låtterleg. Godmodig. «Sjå no, um det ikke greier seg å vera gjentelaus! berre med lìver etter Guds ord og stend tidleg upp.» (s. 59(

I andre helvta får me sympati for han. Der han hjelpelaust side 123 tenkjer korleis alle, også hans eigne, mest er redd han. Ikkje eit ord får han ut av deim, og ikkje kan han heilt skyna kvifor, han har jo berre prøvd liva etter Guds ord. Her ser vi Enok kan ikkje gå tilbake til det gamle livet. Han har alt gått for langt. Gripende side 123. Endar med at han for fyrste gong gjeng til Heilandsvatnet.

ANNA
Glad i Enok og vettskremd han. Folkeleg, tradisjonsrik kone, som gjerne vil tene sin mann, men som òg gjennomskuer galskapen han driv med. Og kva skal ho gjere?
Det er ho som må gjere arbeidet, der Enok går i si salige tru.
God kone, som heile vegen kjem til at ho ikkje kan klage, ho som er friskt. Det er bare dette med han Enok, hadde han bare ikkje vore fullt så galin. Men det blir nok ei råd med det. Ei god, rund kone, ser eg for meg.

GUNNAR
Det nærmaste Enok har ein motstandar. Den unge guten vil ikkje la seg knekkje, og der Anna lìd og bit i seg, veks det i guten ein trass som ikkje kan seirast yvi. Konflikten vert sterkare når Carolus kjem i hus, og han Gunnar må gjere ennå meir urimeleg arbeid, medan den glatte Carolus får rosen.
Men tukta frå Enok, vert bare til trass. Og når Enok i andre helvta treng støtte frå familien og ynskjer kontakt, har Gunnar gitt opp og er bare tverr. Dei er ikkje på bylgjelengde.
Gunnar blir på ein måte ein inkje-person. Han får ikkje kontakt med jamnaldringane, han går bare i galskapen til faren, men er for sunn til å ta del i han. Så vert han forvirra av fante-skrøninene til Corelus og Jorun. Når han kjem blant folk, vert han berre ledd av. Men Garborg let han reise til byen, og sidan til Amerika. Det vert nok folk av han óg.
Her blir barneoppdraging eit sidetema.

NAPOLEON STORBREKKE
Kjem i starten, og drikk godt. Bannar og steiker til han Enok, som gjeng gudfryktig og redd, og skal umvenda seg. Døyr i kapitel 4. Slag for Enok. Midt i vantrua, heidingskapen, døyr han. Enok tek det som eit teikn, og skiftar til den særs mørke Enok vi følgjer gjennom boka. Såleis har Napoleon ein stutt, viktig funksjon.

LEGDE GURI
Parallellar til Hamsuns mange fantar og trollfolk. Ein Enok snakkar med. Ser Djevelen i Enok, er Enok yvi-tydd om.

TORKJELL TUALAND
Tek seg arbeid hos han Enok i kapitel 10. Er mykje raskare med tunga, og snakkar både Enok og Anna rundt. Og oppfordrar til å gje bort alt dei eig, for det var nå ein gong Jesu’ ord. Det kan korkje Enok eller Anna seie noko på. Og Enok gruvlar.

FANTANE

FANTE-TOMAS
Tek til å bu hos Enok.
«Det var som han leika med lémine sine når han gjekk, lagde deim hit og dit og kor han vilde; det vesle hovudet låg og svinga på sin magre brune, frambøygde stylk til hals og slagde seg frå den eine aksli til den andre liksom kjælande.» (s. 66)
«Mælet var mjukt som heile mannen, syngjande upp og ned etterein urimeleg høg skala i utrulege tonefall.» (s. 67)

CAROLUS MAGNUS
Son til Fante-Tomas. Fante-Tomas, bare mindre.
Dei to er glatte tunger, som sender tankane til Pjotr Stepanovitsj i Dostojevskij, og til alle Hamsun sine forunderlege figurer.

STUDENT PER OLSEN
Artig bekjentskap i kapitel 15. Fjaset hans, gjer Enok meir ubendig i å følgje Herren.

GUD
Særs streng, raus med nåden til alle som forten han, men straffar alle som ikkje gjer som dei skal. Det er ein Gud å frykta og ein Gud å elska, i den rekkefølgjen. s. 34. Ein kan ikkje gjøyme seg for Gud, Han er yvi alt.

NOKRE TOLKINGAR
Den valdsame innleiinga, med det innestengde jæren, med folket og den grunne jorda, åpnar for å lese romanen skjebnebestemt. Det kan ikkje gå annleis, det jærske folk går og gruvlar med seg sjølve, då kan det kome fram personar som han Enok Håve.

Hebreearbrevet 6: «Thi det er umuligt, at de, som en gang ere blevne oplyste og have smagt den himmelske gave, og ere blevne delagtige i den Helligånd, – og falde fra , – atter kunne fornyes til omvendelse.» Det er umuligt! (s. 118)

Dei moderne forfattarer skriv ikkje med så mykje på hjertet.

REFERANSER
I norsk litteratur er det for meg bare Markens grøde som legg ambisjonane på samme nivå, og har evne til å halde dei. Begge bøker er skjebnetunge, ævuge, og grip inn i det norske så ingen utlending kan eigentleg skyna det.
Derfor er det markens grøde.
Som Markens grøde, er kvar kapitelinnleiing sterk og full av meining. «Det var i dag, di skulde bera han Napoleon.» Kap 6.

Det er noko Dostojevskij.
Tolstoj.
Tyngden og alvoret er russisk, den vare sympatien med. Ein kan ikkje lese bok, utan å verte fortvila at det skulle vere som det er.

Etter er det tydeleg at Vesaas har lese boki, med lynet og tusten.

*****
Dette er verket. Det er bare Hamsuns Markens grøde som begynner med lignende tyngde, men Garborg går foran. Første kapitel skulle læres utenatt, det er eit vidunderlig stykke poesi om eit land ein ikkje kan lese om og vere frå, utan å lengte dit.
****

Reklamer